Vi, Ingfrid og Erling som er vertskap, starta opp  med gardsturisme, guiding, historieforteljing og servering av lokalmat i den nyrestaurerte låven på Kleiveland Gard i 2016. Den nyrestaurerte låven er godkjent som selskapslokale for inntil 50 personar. Her serverer vi heimelaga mat for grupper etter avtale. I det nyrestaurerte fjøset er det vedfyrt pizzaovn og sitjeplass til 20 personar.


Erling, som er oppvaksen på garden på 1950-talet, fortel om liv og levemåte i tidlegare tider og viser bilete og video frå oppveksten. Det har det vore kjend busetnad her siden 1500-talet. Det vert fortalt at ein mann kalla Tykje kom roande innover Osterfjorden med kona si. Då dei kom til Kleiveland, såg han laks langsmed stranda. Dei busette seg då her og fekk mange etterkomarar.


Tradisjonen med røyking av laks er nå tatt opp igjen i den nyrestaurete jordkjellaren. Vi kan mellom anna servere gjestane våre røykt laks og aure etter gamal oppskrift. 


Vi har dei siste åra utvikla eit et samarbeid med fleire av dei andre reiselivsdestinasjonane på Osterøy, den hemmelege øya. Blant desse er Fjordslottet hotell, Nordlender strikkevareutsal, Mjøsvågen og Tøsse Mølle.


Klart til fest på låven
Dekka til fest på låven