Kva kan Kleiveland Gard tilby?

På Kleiveland Gard tar vi imot grupper frå 8 – 50 personar i den nyrestaurerte låven. Ta kontakt for avtale. Du kan komme med båt eller bil/buss.  Eit populært innslag er forteljing og video om tradisjonen med fiske etter laks med gilje og sitjenot. Erling Kleiveland fortel om sin oppvekst på garden på 1950-talet og historier og sagn frå området.

Bergen og Omland Friluftsråd har gjort i stand den gamle dampskipskaien på Kleiveland og området rundt til offentleg friluftsområde med toalett, bålpanne og sitjeplassar. Her er det fint for båtar å leggje til. Badeplass. Toalett.

Vi arrangerer guida tur over fjellet frå Kleiveland til laksegiljene på Askjellneset. Du får kome opp på laksegiljene og få forteljing om korleis dette særmerka fisket føregjekk. Retur med båt frå til Kleiveland. Vi kan og arrangere båttur på fjorden etter avtale. 

 

Gilja på Ytre Askjellneset
Skyssbåten «Ospenes»