Kleiveland Gard

Kleiveland fra fjorden
Kleiveland sett frå fjorden

 

 

På Kleiveland har det vore kjend busetnad siden 1500-talet. Det vert fortalt at ein mann kalla Tykje og kona hans kom roande og siglande innover Osterfjorden. Då dei kom til Kleiveland, såg han laks langsmed stranda. Dei busette seg då her og fekk mange etterkomarar.

Fram til 1983 var Kleiveland ei veglaus grend. Det var fjorden som var ferdselsvegen for folk i bygda. Rutebåt frå Bergen kryssa fjorden og kom  innom dampskipskaien med post, varer og reisende. D/S Oster var ein av rutebåtane som gjekk her. Oster er framles å sjå på fjorden som veteranbåt.

På Kleiveland Gard var det aktiv gardsdrift på dei fleste gardane fram til ca. 1990. For det meste  var drifta sauehald og ei eller to kyr for å ha kjøt og mjølk til familien.

Ingfrid og Erling har starta med gardsturisme i den nyrestaurerte låven på Kleiveland Gard, som ligg midt i bygda. Låven er godkjent som selskapslokale for inntil 50 personar. Her serverer vi heimelaga mat for grupper etter avtale. Erling, som er oppvaksen på garden, fortel og viser bilete og video frå oppveksten på 1950-talet.

Tradisjonen med røyking av laks er nå tatt opp igjen. Vi kan servere gjestane våre røykt laks og aure etter gamal oppskrift. I tillegg lagar vi ein del andre produkt som  ramsløksmør og granskuddsirup med meir.