Velkomen til Kleiveland Gard

Den vesle bygda Kleiveland ligg der vegen sluttar under mektige fjell ved Osterfjorden. Fram til 1983 var Kleiveland ei bygd utan veg. Då var det fjorden og båttransport som vart nytta. Rutebåtane mellom Bergen og Modalen hadde fast stopp på Kleiveland. Fjorden var tidligere rik på fisk som brisling og villlaks på veg til elva Vosso. Nærleiken til fjorden gjorde at mange livnærte seg av laksefiske med gilje og sitjenot.

På Kleiveland Gard er låven gjort om til selskapslokale der vi tek imot gjestar. Her kan du få eit godt måltid mat og høyre forteljingar og sjå videoar om korleis det spesielle laksefisket gjekk føre seg, og korleis livet til laksebonden var. Moderne AV-utstyr. Stor terrasse med utsikt mot fjell og fjord.